Arbeidssted: Sogndal
Norconsult er den største rådgjevaren i Norge innanfor plan, arkitektur, landskap og samferdsel, og dekker alle fagområda frå idé til realisering. Med over 70 lokalkontor kjenner vi samfunnsutviklinga på pulsen.
For å styrke plangruppa i Sogn og fjordane med 7 tilsette, søkjer me etter ein motivert og dyktig arealplanleggar, gjerne også med erfaring frå rådgjevarbransjen. Vi ser etter deg som:
har god forståing for planfaget, for prosessane og grensesnitt mot andre fag
kan ta ansvar for å leie plan- og utgreiingsprosessar frå start til ferdig vedtekne planar
kan arbeide sjølvstendig med produksjon av planar og konsekvensutgreiingar etter plan- og bygningslova
kan utarbeide og ta ansvar for tilbodsprosessar og ha kunde og marknadskontakt
kan rettleie og vere ein mentor for yngre medarbeidarar og som kan kvalitetssikre plandokument som vert utarbeidde av andre medarbeidarar.
Vi ønskjer fortrinnsvis søkarar til kontoret vårt i Sogndal, men andre kontorlokasjonar i Sogn og Fjordane kan vere aktuelle.
Norconsult Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Sogndal, Gaupne, Årdal, Sandane og på Nordfjordeid med over 80 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, ingeniørgeologi, miljø, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.
Våre dyktige arealplanleggarar samarbeider tett med arkitektar, landskapsarkitektar og veg- og trafikkplanleggjarar internt og lokale arkitektar eksternt. Vi utfører ei rekkje plan- og utgreiingsoppdrag for offentlege og private kundar i Sogn og Fjordane, og ønskjer å styrke fagmiljøet vårt ytterlegare. Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen.
Vi jobbar med eit breitt spekter av planoppgåver på alle nivå; frå detaljreguleringsplanar til kommuneplan, samt moglegheitsstudiar, analysar og ulike typar utgreiingar.
Nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Norconsult? Få med deg serien «Rådgiverne» der vi gir deg eit unikt innblikk i arbeidskvardagen vår: https://www.norconsult.no/radgiverne/
Dine arbeidsoppgåver vil vere:
Moglegheitstudiar og konseptutvikling
Utarbeiding av reguleringsplanar, områdeplanar og kommunedelplanar
Planomtalar og konsekvensutgreiingar på ulike plannivå
Byforming
Oppdragsleiing og tilbodsarbeid innanfor faget
Tverrfagleg samarbeid med andre fag
Bruk av BIM-verktøy, visualiserings- og innsynsmodellar. Erfaring frå bruk av Focus Arealplan, AutoCad, NovaPoint, Civil 3D eller liknande er ein fordel
Kundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeid
For oss er det viktig at du:
Har eit fagleg engasjement og er kreativ og løysingsorientert med fokus på berekraft
Tek initiativ, er målretta og resultatorientert
Er fleksibel og ansvarsbevisst og likar å dele kompetansen din med andre
Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar
Ønskjer å vere med på å skape eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar:
Har høgare utdanning fra universitet/høgskole med relevant bakgrunn
Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk
Førarkort kl. B.
Hjå oss får du:
Varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver innan fag og prosjektleiing der du har moglegheit til å utvikle deg sjølv og kollegaene dine
Spennande moglegheiter for kompetanseheving og karriereutvikling innan marknad, fag, linje og oppdrag
Moglegheit til å bidra i selskapet si utvikling innan berekraft, digitalisering og samarbeid
Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
Interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement/turar, firmahytter, mm.
Gode lønns- og arbeidsvilkår
Gode aksjeprogram for eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
Fadderordning og kompetanseutviklingsplan
Fleksibel arbeidstid
Fri heile jule- og påskeveka
Sommartid med 7-timarsdag frå starten av juni til midten av august
Innsending av søknad.
Søknad med CV, vitnemål og attestar skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på Norconsult sine internettsider. Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama. Oppgje i søknaden kva kontorstad du primært ønskjer.
Norconsult
Norconsult er eit leiande nordisk rådgjevarselskap. Vi kombinerer ingeniørfag med arkitektur og digital kompetanse, på tvers av små og store prosjekt i privat og offentleg sektor, innan infrastruktur, energi og industri, bygg, eigedom og arkitektur. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vi kvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Med hovedkontor i Sandvika i Norge og om lag 6 300 medarbeidarar fordelt på over 140 kontor i Norge, Sverige, Danmark, Island, Polen og Finland, kombinerer vi tverrfagleg kompetanse med det å vere lokalt tilstades. (Tall pr. fjerde kvartal 2023).
For Norconsult er det ein grunnleggjande føresetnad at alle menneske er likeverdige. Målet er at medarbeidarane våre skal ha dei same moglegheitene til å nå sitt fulle potensial uavhengig av kven dei er eller korleis dei identifiserer seg. Eit breiare spekter av perspektiv er til hjelp for oss for å forstå alle deler av samfunnet, utfordrar oss i oppdraga våre og fører til høgare grad av innovasjon. Vi ønskjer difor medarbeidarar med ulik bakgrunn og erfaring velkommen.
Cornelis Erstad
Prosjektleiar & Arealplanleggjar