Frå venstre: Tone K. Myklebust Kvåle (kontorleiar), Beate Kvalsund (siv.ing geoteknikk Sandane), Lars Vegsund (avd.leiar Førde), Arne Moen (avd. leiar bygg og eigedom, Sogndal) (Foto: Firda Tidend)

Norconsult har etablert seg på Sandane

I august flytta Norconsult inn i Næringshagen på Sandane, i Sandane senter. Førebels med ein tilsett innan faget geoteknikk, men med ein kontorplass til, og ambisjonar om fleire tilsette på sikt.

Norconsult i Sogn og Fjordane har frå før kontorstader i Årdal, Sogndal og Førde, med i alt 63 medarbeidarar i fylket.

– Norconsult ønskjer å vere der kunden er, og med etableringa på Sandane har vi også fått ein kontorstad i Nordfjord. Dette er med å styrke oss i høve til å vere nærmare marknaden i Nordfjord samt medverke til å gjere oss meir attraktive som rådgjevar og som arbeidsgjevar i heile fylket, seier kontorleiar i Sogn og Fjordane, Tone K. Myklebust Kvåle.

300 prosjekt i Sogn og Fjordane

Norconsult er Norges største rådgjevarbedrift innan samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Selskapet har 4 000 tilsette fordelt på meir enn 100 kontor i heile verda. I Sogn og Fjordane leverer Norconsult tenester til både offentleg og privat sektor, innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, vatn og avløp (VA), elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, ingeniørgeologi, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon. Selskapet er i dag inne i over 300 prosjekt i Sogn og Fjordane, der det største pågåande prosjektet er utbygginga av Førde sentralsjukehus, der Norconsult har all planlegging.

Døme på andre prosjekt selskapet arbeider med i Sogn og Fjordane er Leikanger kraftverk, utviding av Norsun på Årdalstangen, fjernvarmeanlegg i Førde, verne- og formidlingsbygg for Holevikjekta, oppgradering Elkem Bremanger, bustadfelt Vieåsen i Førde og Botn på Hafslo, kommuneplanarbeid i Fjaler og Solund og planlegging og prosjektering knytt til utbygging av helse- og omsorgstenesta i Vik kommune. I tillegg deltek medarbeidarar også i oppdrag utanfor fylket.

**

For meir informasjon:

Kontakt kontorleiar i Sogn og Fjordane, Tone K. Myklebust Kvåle, mobil: 95807509