Arbeidssted: Sandane og Sogndal
Vi søker no etter dyktige sommarstudentar med fagleg engasjement og arbeidsglede til sommarjobb i Sogn og Fjordane. Du vil få moglegheit til å vere med i team som prosjekterer og løyser dei utfordringane vi til ei kvar tid har teke på oss. Du vert med i eit slagkraftig, tverrfagleg rådgjevarmiljø med høg kompetanse og utfordrande og spennande oppgåver.
Fagmiljøet geoteknikk i Norconsult består for om lag 100 tilsette i Norge, der ca. halvparten av desse er lokaliserte ved hovedkontoret vårt i Sandvika, og den andre halvparten ute ved kontora våre rundt omkring i Norge. I tillegg har vi omlag 30 geoteknikarar i Sverige og eigne feltavdelingar med boreriggar og laboratorium i Molde og Gøteborg.
Vi tilbyr komplette tenester innan geoteknikk frå moglegheitsstudie og prosjektering til oppfølging under bygging. Som geoteknikar hjå oss vil du få moglegheit til å jobbe mot spennande tverrfaglege prosjekt i både Norge og utland. Vi er stolte av eit tett samarbeid på tvers av regionar og kontorlokalitetar i Norconsult.
I Sogn og Fjordane har Norconsult kontor i Førde, Sogndal, Årdal, Gaupne, Lærdal, Flekke, Sandane og på Nordfjordeid med over 90 medarbeidarar totalt. Lokalt utfører vi tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, akustikk, brann, VVS, landmåling, geoteknikk, ingeniørgeologi, miljø, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.
I Sogn og Fjordane samarbeider vi tett med geoteknikkmiljøet elles i Norconsult, og har stor tilgang på oppdrag innan fagfeltet. Dei geotekniske oppgåvene er i all hovudsak retta mot plan og samferdsel- , bygg- og anlegg- og industrisektoren, der vi tek oss av alle typar geotekniske problemstillingar innan veg, kontor- og næringsbygg, industribygg, hamner, bustadprosjekt, naturfare og kommunaltekniske anlegg.
I Sogn og Fjordane har vi pr. i dag geoteknikarar på Sandane og i Sogndal. Vi ønskjer først og fremst søkarar til desse lokasjonane, men andre kontorlokasjonar i Sogn og Fjordane kan også vere aktuelle.
Nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Norconsult? Sjå korleis vi gjer kvardagen betre - kvar dag: Hver dag forbedrer vi hverdagen - Sesongpromo og med eigen episode frå Sogndal: Hver dag forbedrer vi hverdagen i Sogndal
Ta også ein kikk på serien «Rådgiverne» der vi gir deg eit unikt innblikk i arbeidskvardagen vår: https://www.norconsult.no/radgiverne/
Les meir om korleis det er å vere sommarstudent i Norconsult her:https://www.norconsult.no/jobb-og-karriere/heads-for-tomorrow---student/
Arbeidsoppgåvene dine vil vere:
Generell bistand til planlegging og prosjektering i pågåande oppdrag innan ditt fag
Utarbeiding av notat og rapportar
Utarbeiding av digitale teikningar og modellar
Delta på møte og synfaringar
For oss er det viktig at du:
Fortrinnsvis er masterstudent på 3. eller 4.året, eller bachelorstudent på 2 året, med relevante fagval
Har kompetanse innan bruk av relevante digitale prosjekteringsverktøy for ditt fag (Revit, Civil 3D, Focus, Novapoint etc.)
Er engasjert, positiv og nysgjerrig - tek iniativ
Er strukturert og pliktoppfyllande
Tek ansvar og kan jobbe sjølvstendig med oppgåver
Bidreg til eit godt sosialt og fagleg miljø
Har gode norsk-kunnskapar, både skriftleg og munnleg
Som sommarstudent hjå oss får du:
Konkurransedyktige løns- og tilsettingsvilkår
Innblikk i korleis det er å jobba i rådgjevarbransjen
Faglege utfordringar der du kan utvikla deg gjennom spennande prosjekt saman med flinke kollegaer
Godt arbeidsmiljø og fadderordning
Sommarstudentdag i Oslo for heile landet
Innsending av søknad: Søknad med CV, vitnemål og attestar skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på Norconsult sine internettsider. Innkomne søknader vert handsama fortløpande. Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama. Oppgje i søknaden kva kontorstad du primært ønskjer.
Norconsult
Norconsult er eit leiande nordisk rådgjevarselskap. Vi kombinerer ingeniørfag med arkitektur og digital kompetanse, på tvers av små og store prosjekt i privat og offentleg sektor, innan infrastruktur, energi og industri, bygg, eigedom og arkitektur. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vikvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Med hovedkontor i Sandvika i Norge og om lag 6 600 medarbeidarar fordelt på over 140 kontor i Norge, Sverige, Danmark, Island, Polen og Finland, kombinerer vi tverrfagleg kompetanse med det å vere lokalt tilstades. (Tall pr. andre kvartal 2025).

Arne Moen
Avdelingsleiar Bygg og Eigedom, Sogndal
Kontakt oss
