Plan 545 - Detaljreguleringsplan for Ravnanger terminal med innfartsparkering.

På vegne av Vestland fylkeskommune gir Norconsult Norge AS, i samsvar med plan- og bygningslova §12-8, melding om at følgande reguleringsarbeid vert satt i gang:

Plan 545 - Detaljreguleringsplan for Ravnanger terminal med innfartsparkering.

Frist for å kome med innspel er 05.11.2026

Føremålet med planen er å sikre framtidig areal til eit attraktivt, trygt og framtidsretta knutepunkt for kollektivtrafikken på Askøy. Prosjektet fv. 562 Ravnanger terminal er eit sentralt tiltak i Askøypakken, som har mål om å sikra betre framkomst, betra trafikktryggleiken og gi eit meir funksjonelt transportsystem for alle trafikantgrupper. Dagens kollektivterminal på Ravnanger har fleire funksjonelle utfordringar knytt til trafikkflyt, framkomst og trafikktrykkleik, og gir med dette negative konsekvensar for effektiv drift av rutetilbodet og for oppfylling av krav til køyre- og kviletid for sjåførane. Vidare er køyremønster på staden uoversiktleg, området er i avgrensa grad lagt til rette for mjuke trafikantar og dagens krav til universell utforming er ikkje tilfredsstilt.

Dei som har synspunkt eller faktiske opplysningar til planarbeidet, kan melde dette skriftleg til Norconsult Norge AS v/ Torbjørn Sivertsen, Solheimsgaten 5b, 5058 Bergen eller pr. e-post: Torbjorn.Sivertsen@norconsult.com med kopi til Askøy kommune, postmottak@askoy.kommune.no. Merk innspel med «Plan 545 - Detaljregulering Ravnanger terminal med innfartsparkering».

  • Torbjørn Sivertsen

    Seniorrådgiver

  • Kontakt oss

    Vedlegg