Risiko ved skade frå undervasstøy for oppdrettslaks
Norconsult var inne med fleire rådgjevingsfag i dette store prosjektet, på oppdrag frå den utførande entreprenøren.
Som ein del av oppdraget estimerte me på førehand risikoen for skade frå undervasstøy frå undervassprengingane til oppdrettslaks. Det er fleire akvakulturanlegg i nærområdet.
Norconsult målte styrken til støyen i sjøen ved ein merd i det næraste akvakulturanlegget, som ligg ca. 1,6 km frå anleggsområdet. Laksen reagerte tydeleg på sprengingane.
Sikre tryggheit for oppdrettsfiskane
Ein fagperson frå Havforskningsinstituttet overvaka situasjonen og vurderte reaksjonen hjå laksane til å utgjera liten risiko for skader på fiskane. Me målte ved dei fyrste salvene i sprengingane.
Dette samarbeidet mellom den utførande entreprenøren, HI og rådgjevar frå Norconsult gjorde at ein unngjekk lange og dyre avbrot i anleggsarbeidet. Det var likevel lite å gå på opp til ein skadeleg styrke i undervasstøyen.
Då sprengingane gjekk føre seg stod det fisk til kring ein milliard kroner i fjordsystemet kring tiltaket. Utrekningane på førehand og oppfylging i utføringsfasen gjorde at heile sprengingsarbeidet kunne gjerast på ein trygg måte for oppdrettsfiskane.
Inge Hommedal
Fagspesialist akustikk
Kontakt oss