Arbeidssted: Førde , Nordfjordeid , Sandane , Sogndal og Årdal
Vil du vere med å forme elektroinstallasjonar for framtida?
I Norconsult kan du få vere med på akkurat det. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vi kvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Elektromiljøet i Norconsult jobbar målretta med planlegging av smarte løysningar for bygg, samferdsel og industri.
Norconsult har Norges desidert største fagmiljø innan rådgjeving og prosjektering av elektrotekniske anlegg med over 450 kompetente elektrorådgjevarar på landsbasis. Vi tilbyr komplette tenester innen elektrorådgjeving; frå moglegheitsstudiar og prosjektering til oppfølging under bygging.
Vi ser etter deg som ønskjer å vere med og byggje opp eit elektro-miljø i Sogn og Fjordane i tillegg til å vidareutvikle deg sjølv fagleg og dele av din kunnskap til andre medarbeidarar. Du vil få ei sentral rolle i eitt tverrfagleg rådgjevarmiljø, med høg fagleg kompetanse og samarbeid på tvers av alle våre kontor og regionar.
Bli med å jobbe for ein meir berekraftig bygg og eigedomsbransje!
Vi jobbar med både eksisterende og nye bygg med prosjektering og rådgjeving innan elektroteknikk, EKOM og automasjon i bygg, med fokus på berekraftige og energieffektive løysingar. Oppdraga varierer over eit breidt spekter av prosjekt innan t.d. næringsbygg, undervisning, helse og omsorgsbygg, hotell, idrettsanlegg og parkeringsanlegg inkludert ladeanlegg for el-bilar.
Bli med å forme berekraftige samferdselsanlegg for framtida!
Vi designar og prosjekterer alle elektrotekniske installasjonar for alt frå de største samferdselsprosjekta innan veg og gate, jernbane og sporveg, lufthamner og hamner, til infrastrukturprosjekt for privat- og offentleg sektor. Vi jobbar med ulike entrepriseformer, frå utføring- til totalentreprise og samspelentreprisar. Vi har ambisiøse klimamål i dette landet og vi er ein leiande rådgjevar innan elektrifisering.
Bli med å forme norsk berekraftig Industri for framtida
Verdiskapande industri er det vi skal leve av her i landet, og vi er fortida involvert i mange spennande oppgåver og moglegheiter knytt til ny grøn industri i Årdal, Høyanger og ved kysten av Sogn og Fjordane. Vi jobbar i alle fasar av prosjektering og rådgjeving innan alle elektrotekniske anlegg frå høgspent og lågspent forsyning og fordeling, automatisering, instrumentering og kommunikasjon for all type industri. Frå etablert tungindustri til farmasi og næringsmiddel, energigasser, aquakultur, fornybar grøn industri, samt prosess og vassmiljø.
Norconsult Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Flekke, Sogndal, Gaupne, Årdal, Lærdal, Sandane og på Nordfjordeid, med over 90 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, VVS, landmåling, geoteknikk, industri/maskin, ingeniørgeologi, miljø, konstruksjon, brann, akustikk, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.
Vi søkjer etter dyktig og erfaren sivilingeniør eller ingeniør med minst 3-5 års relevant erfaring innan elektro- og byggautomasjonsteknikk frå rådgjevar- eller entreprenørbransje. Fagbrev som elektromontør el.l i tillegg er eit pluss.
Vi set pris på om du:
Har eigne kunderelasjonar og stort kontaktnett
Har erfaring innan oppdragsleiing og evne til å leie team i oppdrag
Er effektiv og tek iniativ
Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar
Ønskjer å vere med på å skape eit godt arbeidsmiljø
Har erfaring med 3D-modellering og BIM
Dine arbeidsoppgåver vil vere:
Planlegging og prosjektering av elektro-installasjonar innan industri, bygg og anlegg eller samferdsle og infrastruktur anlegg
Automatisering og instrumentering i alle typar bygg og anlegg
Modellering og varierte arbeidsoppgåver i ulike fasar av prosjekt.
Utarbeiding av konkurransegrunnlag og kostnadsoverslag
Bruk av DAK/BIM-verktøy, visualiserings- og innsynsmodellar
Tverrfagleg koordinering
Oppdragsleiing og oppfølging på byggeplass
Kundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeid
Kvalifikasjonar:
Utdanning som sivilingeniør (M.Sc.) eller ingeniør (B.Sc.) eller tilsvarande innan elektro
Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk
Førarkort kl. B.
Hjå oss får du:
Varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver innan fag og prosjektleiing der du har moglegheit til å utvikle deg sjølv og kollegaene dine
Spennande moglegheiter for kompetanseheving og karriereutvikling innan marknad, fag, linje og oppdrag
Moglegheit til å bidra i selskapet si utvikling innan berekraft, digitalisering og samarbeid
Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
Interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement/turar, firmahytter, mm.
Gode lønns- og arbeidsvilkår
Gode aksjeprogram for eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
Fadderordning og kompetanseutviklingsplan
Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
Fleksibel arbeidstid
Fri heile jule- og påskeveka
Sommartid med 7-timarsdag frå starten av juni til midten av august
Innsending av søknad:
Søknad med CV, vitnemål og attestar skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på Norconsult sine internettsider. Innkomne søknader vert handsama fortløpande. Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama. Oppgje i søknaden kva kontorstad du primært ønskjer.
Kontaktpersonar for stillinga:
Sunnfjord/Nordfjord: avdelingsleiar Førde Lars-Idar Vegsund, lars.vegsund@norconsult.com, tlf. 45404686, eller
Sogndal: gruppeleiar Tekniske system Jan Sølve Haugen, jan.solve.haugen@norconsult.com, tlf. 99547941
Årdal: avdelingsleiar Robert Sandvik, robert.sandvik@norconsult.com, tlf 91716211
Norconsult
Norconsult er eit leiande nordisk rådgjevarselskap. Vi kombinerer ingeniørfag med arkitektur og digital kompetanse, på tvers av små og store prosjekt i privat og offentleg sektor, innan infrastruktur, energi og industri, bygg, eigedom og arkitektur. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vikvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Med hovedkontor i Sandvika i Norge og om lag 6 500 medarbeidarar fordelt på over 140 kontor i Norge, Sverige, Danmark, Island, Polen og Finland, kombinerer vi tverrfagleg kompetanse med det å vere lokalt tilstades. (Tall pr. tredje kvartal 2024).
For Norconsult er det ein grunnleggjande føresetnad at alle menneske er likeverdige. Målet er at medarbeidarane våre skal ha dei same moglegheitene til å nå sitt fulle potensial uavhengig av kven dei er eller korleis dei identifiserer seg. Eit breiare spekter av perspektiv er til hjelp for oss for å forstå alle deler av samfunnet, utfordrar oss i oppdraga våre og fører til høgare grad av innovasjon. Vi ønskjer difor medarbeidarar med ulik bakgrunn og erfaring velkommen.
Lars Vegsund