Føremålet med reguleringa er å leggje til rette for etablering av eit nytt reinseanlegg for Stord kommune som stettar forventa framtidige reinsekrav.
Planen vil erstatte og oppheva PlanID 201402 Gnr/bnr 46/4, båthotell Skjersholmane, delar av PlanID 201603 Småbåthamn Hornelandsvågen, del av gnr/bnr 46/4 og delar av PlanID 201604 Gnr/bnr 46/400 m.fl., Skjersholmane Småbåthamn.
Området er delvis regulert og delvis uregulert. I arealdelen til kommuneplanen er delar av planområdet avsett til LNRF-føremål. Storleik på området er om lag 40 daa.
Det er vurdert om det er krav om konsekvensutgreiing, og Stord kommune har konkludert med at planen fell inn under vilkåra for slik utgreiing.
Spørsmål om eller innspel til planarbeidet kan rettast til Mona Hermansen, Pb. 1199, 5811 Bergen, tlf: +47 45404674 eller Mona.Hermansen@norconsult.com innan 22.04.2025