
Hjasemyra vart grøfta rundt 2014, noko som førte til auka vasshastigheit, erosjon og tap av torvjord. Målet med prosjektet er å reversere desse effektane ved å gjenopprette naturleg vassføring og myrvegetasjon.
Tiltaka omfattar mellom anna flytting av bekken som renn gjennom drensgrøft tilbake til eldre bekkefar, attfylling av grøfta med lokale morenemassar og myrjord, og etablering av tømmerdemningar for å halde på massane. Løysingane er enkle, reversible og tek omsyn til både natur og utmarksdrift.
Målet er å redusere klimagassutslepp over tid
Norconsult bistod i utarbeiding av søknad til Miljødirektoratet, som vart innvilga så prosjektet kunne gå igong. Rapport som vart utarbeidd inneheld forslag til strategi og tiltak som grunnlag for utføring tufta på generell teori og praksis og tilpassa etter synfaring.
Prosjektet har som mål å redusere klimagassutslepp over tid, samt å forbetre myra sin økologiske tilstand. Det er venta at myra vil gjennomgå synlege endringar i starten, men gradvis utvikle seg mot ein meir stabil og økologisk tilstand. Risiko knytt til gjennomføring og oppfølging av prosjektet er identifisert.
Berekraftig myrforvaltning
Tiltakshavar Kyrkjevoll gard på Gjerland vil kartlegge myrvegetasjon før og etter tiltak for å følge opp mål om økologisk tilstand. Overvaking vert tilrådd med verktøy frå Society for Ecological Restoration, inkludert bruk av ‘restaureringshjulet’. Dokumentasjon med foto og tekst vil vere viktig, og prosjektet bør delast i faglege nettverk.
Prosjektet representerer eit viktig steg mot berekraftig myrforvaltning og vil gi verdifull kunnskap for framtidige restaureringstiltak.