Arbeidssted: Flekke , Førde , Gaupne , Nordfjordeid , Sandane , Sogndal og Årdal
Norconsult er den største rådgjevaren i Noreg innanfor samferdsel, og dekkjer alle fagområda som er naudsynt for utgreiing, planlegging og prosjektering av komplette samferdselsanlegg, frå idé til realisering. I Sogn og Fjordane er det ikkje langt mellom utfordrande og interessante vegprosjekt, der vi bidreg med våre idéar og kompetanse i alt frå rassikringsprosjekt til utvikling av bymiljø. Sentralt for alle våre prosjekt er digitalisering og modellbasert prosjektering, klimatilpassing og berekraftige løysingar.
Norconsult Sogn og Fjordane har 6 dyktige VEG-ingeniørar som saman med medarbeidarar innan plan, VA, konstruksjon, geofag og landskap jobbar tett i tverrfaglege team med planlegging – og prosjektering av ulike typar samferdselsanlegg. I Norconsult jobbar vi mykje på tvers av fag og geografi for å utnytte kompetanse og ressursar. Avhengig av bakgrunn og erfaring vil du kunne jobbe på store tverrfaglege samferdselsprosjekt, men også i mindre, lokale oppdrag.
Både erfarne og nyutdanna kan søkje på stillinga. Vi ønskjer primært tilsetting ved Førde-kontoret vårt, men andre kontorstadar i Sogn og Fjordane kan også vere aktuelle.
Norconsult har kontor i Førde, Flekke, Sogndal, Gaupne, Årdal, Sandane og på Nordfjordeid, med omlag 70 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, industri/maskin, ingeniørgeologi, miljø, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.
Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen. Vi har store og små oppdrag for både offentlege og private byggherrar. Vi arbeider i alle prosjektfasar – frå tidleg planleggingsfase til detaljprosjektering og oppfølging i byggje- og anleggsfasen.
Vi søkjer etter motivert og dyktig ingeniør/sivilingeniør, fortrinnsvis med noko erfaring innan VEG-prosjektering, gjerne frå rådgjevarbransjen.
Dine arbeidsoppgåver vil vere:
Planlegging og prosjektering av veg- og gateanlegg i både einfaglege og tverrfaglege oppdrag; både på byggeplan og reguleringsplannivå
Prosjekt- og prosjekteringsleiing, fag- og disiplinansvar i tverrfaglege oppdrag
3D-visualiseringer og innsynsmodellar, BIM
Utarbeide anbodsdokument, tekniske spesifikasjonar, faseplanar, anleggsgjennomføring og kostnadsoverslag
Oppfølging på byggeplass, ev. byggeleiing
Bidra innan marknadsføring og sal
For oss er det ønskjeleg at du:
Har stor interesse og fagleg kunnskap om fagområdet
Har erfaring med prosjekteringsverktøy som AutoCad med NovaPoint, innsynsverktøy, 3D-modellering/BIM
Erfaring med teknisk beskrivelse og bruk av G-prog; prosesskoden og NS3420
Gjerne har erfaring frå anlegg/byggeplass (entreprenør- eller byggherreorganisasjon)
Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar
Er kreativ, løysingsorientert og ønskjer fagleg utvikling
Er fleksibel og ansvarsbevisst
Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk
Hos oss får du:
Faglege utfordringar med mogelegheit til å utvikle deg vidare i spanande prosjekt
Tverrfagleg og sterkt fagmiljø med samarbeid innan fleire ulike fag
Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar
Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
Ordning for deling av overskotet der alle tilsette får direkte utbytte av resultatet i selskapet
Gode løns- og arbeidsvilkår
Fleksibel arbeidstid
Studieturar, interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv
Innsending av søknad: Søknad med CV, vitnemål og attestar skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på Norconsult sine internettsider. Innkomne søknader vert handsama fortløpande. Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama. Oppgje i søknaden kva kontorstad du primært ønskjer.
Kontaktpersonar for stillinga er kontorleiar Tone Myklebust Kvåle, tone.myklebust.kvale@norconsult.com, tlf 95807509 eller gruppeleiar Arne Kringlen, arne.kringlen@norconsult.com, tlf. 95117875.
I Norconsult utviklar vi samfunnet for morgondagen ved å kombinere ingeniørfag, arkitektur og digital kompetanse. Vi har ei heilskapeleg tilnærming med utgangspunkt i at vi er lokalt tilstades og tverrfagleg kompetanse og samarbeid. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vi kvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Vi er eit medarbeidar-eigd rådgjevarselskap, og våre 5 900 medarbeidarar er fordelt på rundt 130 kontor, hovudsakleg i Norden. Kvart år løyser vi tusenvis av små og store oppdrag for private og offentlege kundar, innan blant anna bygg og eigedom, samferdsel, arkitektur, fornybar energi, vatn og avløp, industri, sikkerheit, miljø og IT.
Arne Kringlen
Gruppeleder plan og VVA
Tone Myklebust Kvåle
Leiar Norconsult Sogn og Fjordane