Arbeidssted: Førde , Nordfjordeid , Sandane , Sogndal og Årdal
Fagmiljøet geoteknikk i Norconsult består for om lag 100 tilsette i Norge, der ca. halvparten av desse er lokaliserte ved hovedkontoret vårt i Sandvika, og den andre halvparten ute ved kontora våre rundt omkring i Norge. I tillegg har vi omlag 30 geoteknikarar i Sverige og eigne feltavdelingar med boreriggar og laboratorium i Molde og Gøteborg.
Vi tilbyr komplette tenester innan geoteknikk frå moglegheitsstudie og prosjektering til oppfølging under bygging. Som geoteknikar hjå oss vil du få moglegheit til å jobbe mot spennande tverrfaglege prosjekt i både Norge og utland. Vi er stolte av eit tett samarbeid på tvers av regionar og kontorlokalitetar i Norconsult.
Norconsult har kontor i Førde, Sogndal, Årdal, Gaupne, Lærdal, Flekke, Sandane og på Nordfjordeid med over 90 medarbeidarar totalt. Lokalt utfører vi tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, akustikk, brann, VVS, landmåling, geoteknikk, ingeniørgeologi, miljø, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.
I Sogn og Fjordane samarbeider vi tett med geoteknikkmiljøet elles i Norconsult, og har stor tilgang på oppdrag innan fagfeltet. Dei geotekniske oppgåvene er i all hovudsak retta mot plan og samferdsel- , bygg- og anlegg- og industrisektoren, der vi tek oss av alle typar geotekniske problemstillingar innan veg, kontor- og næringsbygg, industribygg, hamner, bustadprosjekt, naturfare og kommunaltekniske anlegg.
Det geotekniske miljøet i Norconsult har ein stor andel seniorar som er fremst i faget i Norge, som bidreg til erfaringsutveksling og gir oss moglegheiter til å ta på oss spennande prosjekt.
Vi vil styrke geomiljøet lokalt og på Vestlandet, og søkjer deg som vil vere med på vidare oppbygging av ei brei geofagleg gruppe i regionen. I Sogn og Fjordane har vi pr. i dag geoteknikarar på Sandane og i Sogndal. Vi ønskjer først og fremst søkarar til desse lokasjonane, men andre kontorlokasjonar i Sogn og Fjordane kan også vere aktuelle.
Nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Norconsult? Sjå den nye sesongpromoen her: Hver dag forbedrer vi hverdagen - Sesongpromo - YouTube
Vil du vite meir om korleis det er å vere ein av våre graduates? Les her: https://www.norconsult.no/jobb-og-karriere/heads-for-tomorrow---graduate/
For oss er det viktig at du:
Er kreativ, løysingsorientert og ønskjer fagleg utvikling
Er engasjert, positiv, initiativrik og motiverande
Er målretta og resultatorientert
Er fleksibel og ansvarsbevisst og likar å dele din kompetanse med andre
Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team
Ønskjer å vere med på å skape eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
Sivilingeniør (M.Sc.) eller ingeniør (B.Sc.) med spesialisering innan geoteknikk
Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk
Førarkort kl. B.
Hjå oss får du:
Varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver innan fag og prosjektleiing der du har moglegheit til å utvikle deg sjølv og kollegaene dine
Spennande moglegheiter for kompetanseheving og karriereutvikling innan marknad, fag, linje og oppdrag
Moglegheit til å bidra i selskapet si utvikling innan berekraft, digitalisering og samarbeid
Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
Interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement/turar, firmahytter, mm.
Gode lønns- og arbeidsvilkår
Gode aksjeprogram for eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
Fadderordning og kompetanseutviklingsplan
Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
Fleksibel arbeidstid
Fri heile jule- og påskeveka
Sommartid med 7-timarsdag frå starten av juni til midten av august
Innsending av søknad: Søknad med CV, vitnemål og attestar skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på Norconsult sine internettsider. Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama. Oppgje i søknaden kva kontorstad du primært ønskjer.
Norconsult
Norconsult er eit leiande nordisk rådgjevarselskap. Vi kombinerer ingeniørfag med arkitektur og digital kompetanse, på tvers av små og store prosjekt i privat og offentleg sektor, innan infrastruktur, energi og industri, bygg, eigedom og arkitektur. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vikvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Med hovedkontor i Sandvika i Norge og om lag 6 500 medarbeidarar fordelt på over 140 kontor i Norge, Sverige, Danmark, Island, Polen og Finland, kombinerer vi tverrfagleg kompetanse med det å vere lokalt tilstades. (Tall pr. tredje kvartal 2024).
For Norconsult er det ein grunnleggjande føresetnad at alle menneske er likeverdige. Målet er at medarbeidarane våre skal ha dei same moglegheitene til å nå sitt fulle potensial uavhengig av kven dei er eller korleis dei identifiserer seg. Eit breiare spekter av perspektiv er til hjelp for oss for å forstå alle deler av samfunnet, utfordrar oss i oppdraga våre og fører til høgare grad av innovasjon. Vi ønskjer difor medarbeidarar med ulik bakgrunn og erfaring velkommen.
Arne Moen
Avdelingsleiar Bygg og Eigedom, Sogndal