I medhald av plan- og bygningslova, §12-8 vert det med dette varsla igangsetjing av arbeid med detaljreguleringsplan for Smelteverket nord, i Odda, Ullensvang kommune. Planen omfattar gnr. 59 bnr. 152 og deler av bnr. 122. Planen er vurdert til å ikkje falle innanfor verkeområdet til forskrifta om konsekvensutgreiingar.
Føremålet med planarbeidet er å leggja til rette for bustad- og næringsutvikling på gnr. 59 bnr.152 på Smelteverkstomta.
Tiltakshavar for planarbeidet er Røynstrand Eigedom AS
Planfagleg konsulent er Norconsult Norge AS – Hardanger v/Eirin Sandstå Kvale
Spørsmål og innspel til planarbeidet kan sendast til:
Norconsult Norge AS, Lægreidsvegen 2A , 5783 Eidfjord / epost: eirin.sandsta.kvale@norconsult.com innan 01.09.2024
Eirin Sandstå Kvale
Seniorrådgiver/ Arealplanlegging BSc