I medhald av plan- og bygningslova § 12-8, blir det med dette varsla oppstart av arbeid med reguleringsplan for Kjøsaplassen i Hareid kommune. Norconsult AS er utførande planrådgivar på vegne av Hareid kommune. Føremålet med planarbeidet er å regulere ny tilkomstveg til bustadfeltet Plassane (under utbygging) og nye bustadtomter på gbnr. 41/12.
Det er ikkje vurdert at tiltaket vil utløyse krav om konsekvensutgreiing jf. Forskrift om konsekvensutredning § 6 og 8.
Har du spørsmål, opplysningar eller synspunkt som er viktige å ta høgde for i samband med planarbeidet, kan desse sendast skriftleg til plankonsulenten via Altinn, e-post (kristina.stendal.karlsen@norconsult.com) eller med vanleg brev til Norconsult AS, Strandgata 5A, 6150 Ørsta. Informasjon om planarbeidet er lagt ut på Hareid kommune si heimeside.
Når det har blitt utarbeidd eit planforslag, vil det bli lagt ut til offentleg ettersyn. Dette vil bli annonsert i lokalavis, og grunneigarar og aktuelle myndigheiter vil bli varsla via Altinn/brev/e-post.
Frist for innspel til varsel om oppstart er 28.03.2025.

Kristina Stendal Karlsen
Rådgiver
Kontakt oss
