Norconsult Sogn og Fjordane søker sivilingeniør/ingeniør innan vatn og avløp!

  • Fast stilling
  • Søknadsfrist: 01.09.2024

Arbeidssted: Førde , Gaupne , Nordfjordeid , Sandane , Sogndal og Årdal

Norconsult er det største rådgjevarmiljøet innan vatn, avlaup og overvasshandtering i Noreg. Norconsult har kompetansen som gjev sikker vassforsyning og miljøtilpassa og effektive avlaups- og overvassløysingar som tek høgde for framtidige klimaendringar.

Vi søkjer etter motivert og dyktig ingeniør/sivilingeniør, fortrinnsvis med noko erfaring innan VA-prosjektering, gjerne frå rådgjevarbransjen.

Vi ønskjer først og fremst søkarar til kontoret vårt i Sogndal, men andre kontorlokasjonar i Sogn og Fjordane kan vere aktuelle.

Vi dekker alle fagområde som er naudsynt for utgreiing, planlegging og prosjektering av komplette VA-anlegg frå idé til realisering. På landsbasis har Norconsult det største rådgjevarmiljøet innan vatn- og avlaupsteknikk, med om lag 300 medarbeidarar. Norconsult Sogn og Fjordane har 8 dyktige VA-ingeniørar, og kontoret ønskjer å styrke VA-miljøet ytterlegare.

Norconsult har kontor i Førde, Flekke, Sogndal, Gaupne, Årdal, Sandane og på Nordfjordeid, med over 80 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, industri/maskin, ingeniørgeologi, miljø, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.

I Norconsult jobbar vi mykje på tvers av fag og geografi for å utnytte kompetanse og ressursar. Avhengig av bakgrunn og erfaring vil du kunne jobbe på store tverrfaglege prosjekt, men også i mindre, lokale oppdrag.  

Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen. Vi har store og små oppdrag for både offentlege og private byggherrar. Vi arbeider i alle prosjektfasar – frå tidleg planleggingsfase til detaljprosjektering og oppfølging i byggje- og anleggsfasen.

Nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Norconsult? Få med deg serien «Rådgiverne» der vi gir deg eit unikt innblikk i arbeidskvardagen vår:  https://www.norconsult.no/radgiverne/

Vil du vite meir om kva moglegheiter du med nokon års erfaring har i Norconsult? Les her: https://www.norconsult.no/jobb-og-karriere/heads-for-tomorrow---professional/

Dine arbeidsoppgåver vil vere:

  • Planlegging og prosjektering av vatn-, avlaups- og overvassanlegg i alle prosjektfasar

  • Utarbeiding av konkurransegrunnlag og kostnadsoverslag

  • Bruk av prosjekteringsverktøy/DAK/BIM-verktøy, visualiserings- og innsynsmodellar

  • Oppdragsleiing i einfaglege og tverrfaglege oppdrag

  • Oppfølging på byggeplass

  • Kundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeid

For oss er det viktig at du:

  • Har stor interesse og fagleg kunnskap om fagområdet

  • Tek initiativ til å utforske og føreslå gode berekraftige løysingar

  • Er kreativ, løysingsorientert og ønskjer fagleg utvikling

  • Er fleksibel og ansvarsbevisst og likar å dele din kompetanse med andre

  • Har erfaring med prosjekteringsverktøy som AutoCad med NovaPoint, Civil 3D

  • Erfaring med teknisk beskrivelse og bruk av G-prog; fortrinnsvis NS3420

  • Gjerne har erfaring frå anlegg/byggeplass (entreprenør- eller byggherreorganisasjon)

  • Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar

  • Ønskjer å vere med på å skape eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning som sivilingeniør (M.Sc.) eller ingeniør (B.Sc.) eller tilsvarande innan VAO området

  • Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk

  • Førarkort kl. B.

Hjå oss får du:

  • Faglege utfordringar med mogelegheit til å utvikle deg vidare i spanande prosjekt

  • Tverrfagleg og sterkt fagmiljø med samarbeid innan fleire ulike fag

  • Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar

  • Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi

  • Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)

  • Ordning for deling av overskotet der alle tilsette får direkte utbytte av resultatet i selskapet

  • Gode løns- og arbeidsvilkår

  • Fleksibel arbeidstid

  • Interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv

Innsending av søknad:

Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.

Norconsult

Norconsult er eit leiande nordisk rådgjevarselskap. Vi kombinerer ingeniørfag med arkitektur og digital kompetanse, på tvers av små og store prosjekt i privat og offentleg sektor, innan infrastruktur, energi og industri, bygg, eigedom og arkitektur. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vikvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Med hovedkontor i Sandvika i Norge og om lag 6 300 medarbeidarar fordelt på over 140 kontor i Norge, Sverige, Danmark, Island, Polen og Finland, kombinerer vi tverrfagleg kompetanse med det å vere lokalt tilstades. (Tall pr. fjerde kvartal 2023).

For Norconsult er det ein grunnleggjande føresetnad at alle menneske er likeverdige. Målet er at medarbeidarane våre skal ha dei same moglegheitene til å nå sitt fulle potensial uavhengig av kven dei er eller korleis dei identifiserer seg. Eit breiare spekter av perspektiv er til hjelp for oss for å forstå alle deler av samfunnet, utfordrar oss i oppdraga våre og fører til høgare grad av innovasjon. Vi ønskjer difor medarbeidarar med ulik bakgrunn og erfaring velkommen.

  • Cornelis Erstad

    Arealplanleggjar og Avdelingsleiar Plan og Anlegg

  • Kontakt oss