Sommarjobb geoteknikk - Sogndal eller Sandane

  • Sommerjobb
  • Søknadsfrist: 15.09.2024

Arbeidssted: Sandane og Sogndal

Kvart år tek Norconsult imot omlag 100 studentar på sommarjobb, både ved  hovudkontoret i Sandvika og ved fleire av lokalkontora rundt om i Norge. Som sommarstudent i Norconsult vil du få jobbe med spennande oppgåver, fortrinnsvis i faktiske oppdrag for eksterne kundar, der målet er at du får brukt teorien du har lært i praksis.

Fagmiljøet geoteknikk i Norconsult består for om lag 100 tilsette i Norge,  der ca. halvparten av desse er lokaliserte ved hovedkontoret vårt i Sandvika, og den andre halvparten ute  ved kontora våre rundt omkring i Norge. I tillegg har vi omlag 30 geoteknikarar i Sverige og eigne feltavdelingar med boreriggar og laboratorium i Molde og Gøteborg.

Fagmiljøet innan geoteknikk jobbar med alle typar av geotekniske problemstillingar, frå små til større tverrfaglege prosjekt innan veg, jernbane, flyplass, bustad-, kontor- og næringsbygg, industriutbygging, hamner og kommunaltekniske anlegg. Norconsult har eit sterkt miljø innan digitalisering. Gjennom fleire store oppdrag har vi opparbeida høg kompetanse og erfaring med scripting, datavisualisering, 3D-/BIM-modellering og parametrisk programmering.

Norconsult Sogn og Fjordane er eit kontor i vekst og har arbeidsstader i Førde, Sogndal, Gaupne, Sandane, Nordfjordeid og Årdal. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikkplanlegging, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, ingeniørgeologi, miljø, industri/maskin/prosess, byggje- og anleggsteknikk og prosjektadministrasjon.

Vi er omlag 80 medarbeidarar i Sogn og Fjordane, og hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen.

Vi har per i dag 3 geoteknikarar lokalisert, 2 i Sogndal og ein på Sandane, der alle er knytt tett på fagmiljøet elles i Norconsult. Vi har i tillegg eit miljø lokalt på 5 ingeniørgeologar, 4 i Sogndal og ein i Førde.

Nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Norconsult? Få med deg serien «Rådgiverne» der vi gir deg eit unikt innblikk i arbeidskvardagen vår  her: https://www.norconsult.no/radgiverne/

Les meir om korleis det er å vere sommarstudent i Norconsult her: https://www.norconsult.no/jobb-og-karriere/heads-for-tomorrow---student/

For oss er det viktig at du:

  • Er engasjert, positiv, kreativ,  initiativrik og motiverande

  • Er målretta og resultatorientert

  • Er fleksibel og ansvarsbevisst

  • Er sjølvstendig, men liker å arbeide med menneske og fungerer godt i team

  • Har god muntleg og skriftleg framstillingsevne

Hjå oss får du:

  • Konkurransedyktige løns- og tilsettingsvilkår

  • Innblikk i korleis det er å jobba i rådgjevarbransjen

  • Faglege utfordringar der du kan utvikla deg gjennom spennande prosjekt saman med flinke kollegaer

  • Fadderordning og godt arbeidsmiljø

  • Sommarstudentdag i Sandvika for heile landet

Innsending av søknad:

Søknad med CV, vitnemål, attestar og vedlegg skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider www.norconsult.no

Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.

Norconsult

Norconsult er eit leiande nordisk rådgjevarselskap. Vi kombinerer ingeniørfag med arkitektur og digital kompetanse, på tvers av små og store prosjekt i privat og offentleg sektor, innan infrastruktur, energi og industri, bygg, eigedom og arkitektur. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vikvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Med hovedkontor i Sandvika i Norge og om lag 6 300 medarbeidarar fordelt på over 140 kontor i Norge, Sverige, Danmark, Island, Polen og Finland, kombinerer vi tverrfagleg kompetanse med det å vere lokalt tilstades. (Tall pr. fjerde kvartal 2023).

For Norconsult er det ein grunnleggjande føresetnad at alle menneske er likeverdige. Målet er at medarbeidarane våre skal ha dei same moglegheitene til å nå sitt fulle potensial uavhengig av kven dei er eller korleis dei identifiserer seg. Eit breiare spekter av perspektiv er til hjelp for oss for å forstå alle deler av samfunnet, utfordrar oss i oppdraga våre og fører til høgare grad av innovasjon. Vi ønskjer difor medarbeidarar med ulik bakgrunn og erfaring velkommen.

  • Arne Moen

    Avdelingsleder Kontor

  • Kontakt oss