Arbeidssted: Årdal
Industrimiljøet i Norconsult har eit godt renommé hjå fleire av dei største industriaktørane i Noreg. Vi opplever eit auka fokus på å sikre ein meir berekraftig produksjon blant kundane våre. Omstillinga av store industrianlegg kan vere både kompleks og ressurskrevjande, samtidig som det også er mykje som skjer innan nye næringar og det grøne skiftet. Etterspurnaden på bistand og kompetanse frå oss er stor, og vi ser difor etter nye kollegaer som kan styrke det tverrfaglege teamet vårt.
Industrimiljøet vårt i Årdal tel i dag 3 svært erfarne medarbeidarar innanfor industri/prosess, maskin og prosjektleiing. Dei tilsette i Årdal er lokalisert tett på industrimiljøet lokalt og bistår med alt frå tidlegfase/utviklingsarbeid, prosjektering, prosjektleiing og oppfølging under bygging/utføring. Vi er ofte ute hjå kunden, fysisk i verksemda, noko som er ein stor fordel og styrke for å forstå problemstillingane og seinare utvikle løysingar og prosjektere for bygging. Korte avstandar til kundar og prosjekt, gir også ein unik moglegheit for oppfølging på plassen i samband med gjennomføring av prosjekt. Dette gir svært god innsikt og forståing for ulike typar industri, og med det viktig kompetanseutvikling og læring.
Avhengig av bakgrunn og erfaring vil du også kunne jobbe på store tverrfaglege prosjekt over heile landet, i tillegg til lokale oppdrag.
Kundeporteføljen vår spenner breitt, frå prosjekt hjå godt etablerte industriverksemder til prosjekt i nye industrisegment. Stillinga gjev moglegheit for utvikling innanfor blant anna smelteverk, akvakultur, hydrogen, lagring og transport av diverse materialar, næringsmiddel og batteriproduksjon.
Vi søkjer dyktig sivilingeniør / ingeniør innan konstruksjon / maskin / prosess med gode eigenskapar innan statiske berekningar og stor interesse for mekanisk konstruksjonsarbeid.
Vi søker primært etter deg som vil vere med å vidareutvikle og byggje opp avdelinga vår i Årdal!
Årdal er ei svært spennande industribygd, med mange moglegheiter både i jobb og fritid: Kvifor Årdal - Ditt Årdal (dittardal.no)
Vi vil også vurdere søkarar som ønskjer andre kontorlokasjonar i Sogn og Fjordane.
Norconsult i Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Sogndal, Årdal, Gaupne, Lærdal, Flekke, Sandane og på Nordfjordeid med over 90 medarbeidarar totalt. Lokalt utfører vi tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, akustikk, VVS, landmåling, geoteknikk, ingeniørgeologi, miljø, industri/maskin, konstruksjon, brann, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.
Norconsult er det største rådgjevarmiljøet i landet og har stort fokus på samarbeid, berekraft og effektive, innovative og digitale arbeidsprosessar. Norconsult finn løysningar gjennom samskaping og bruk av digitale verktøy, og er leiande innan gjennomføring av heldigitale og teikningslause prosjekt. Vi dekkjer alle involverte fag i oppdraga våre og kan difor sette saman komplette team av eigne medarbeidarar som kan jobbe tett saman i det daglege prosjektarbeidet.
I Norconsult får du hyggelege og dyktige kollegar, og du blir en del av eit tverrfagleg rådgjevarmiljø med høg kompetanse og utfordrande oppgåver. Vi er gjennom våre dyktige medarbeidarar og gode system svært godt rusta til å møte det digitale skiftet, noko som gir gode utviklingsmoglegheiter i konsernet.
Nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Norconsult? Sjå den nye sesongpromoen her: Hver dag forbedrer vi hverdagen - Sesongpromo - YouTube
Vil du vite meir om kva moglegheiter du med nokon års erfaring har i Norconsult? Les her: https://www.norconsult.no/jobb-og-karriere/heads-for-tomorrow---professional/
Dine arbeidsoppgåver kan vere:
Konseptutvikling i tett samarbeid med kunde
Prosjektering av prosessanlegg, stålstrukturar og utstyr
Analysar og optimalisering av prosessar og utstyr (FEM)
Utarbeiding av P&ID’er, PFD’er, dataark og teknisk underlag
3D-modellering
Oppfølging av leverandørar
Oppdragsleiing / prosjektleiing
For oss er det viktig at du:
Har eit fagleg engasjement
Er kreativ, løysingsorientert og ønskjer fagleg utvikling
Tek initiativ, er målretta og resultatorientert
Er fleksibel og ansvarsbevisst
Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar
Ønskjer å vere med på å skape eit godt arbeidsmiljø i Årdal
Har erfaring med 3D-modellering, BIM og FEM
Kvalifikasjonar
Utdanning som sivilingeniør (M.Sc.) eller ingeniør (B.Sc.) eller tilsvarande innan konstruksjon, maskin eller prosess.
Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk
Førarkort kl. B.
Hjå oss får du:
Varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver innan fag og prosjektleiing der du har moglegheit til å utvikle deg sjølv og kollegaene dine
Spennande moglegheiter for kompetanseheving og karriereutvikling innan marknad, fag, linje og oppdrag
Moglegheit til å bidra i selskapet si utvikling innan berekraft, digitalisering og samarbeid
Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
Interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement/turar, firmahytter, mm.
Gode lønns- og arbeidsvilkår
Gode aksjeprogram for eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
Fadderordning og kompetanseutviklingsplan
Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
Fleksibel arbeidstid
Fri heile jule- og påskeveka
Sommartid med 7-timarsdag frå starten av juni til midten av august
Innsending av søknad: Søknad med CV, vitnemål og attester skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider. Vi gjer merksam på at det kun er dei elektroniske søknadene som vil bli handsama. Søknaden må vere skriven på eit skandinavisk språk.
Ring oss gjerne for ein uformell prat!
Norconsult er eit leiande nordisk rådgjevarselskap. Vi kombinerer ingeniørfag med arkitektur og digital kompetanse, på tvers av små og store prosjekt i privat og offentleg sektor, innan infrastruktur, energi og industri, bygg, eigedom og arkitektur. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vikvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Med hovedkontor i Sandvika i Norge og om lag 6 500 medarbeidarar fordelt på over 140 kontor i Norge, Sverige, Danmark, Island, Polen og Finland, kombinerer vi tverrfagleg kompetanse med det å vere lokalt tilstades. (Tall pr. tredje kvartal 2024).
For Norconsult er det ein grunnleggjande føresetnad at alle menneske er likeverdige. Målet er at medarbeidarane våre skal ha dei same moglegheitene til å nå sitt fulle potensial uavhengig av kven dei er eller korleis dei identifiserer seg. Eit breiare spekter av perspektiv er til hjelp for oss for å forstå alle deler av samfunnet, utfordrar oss i oppdraga våre og fører til høgare grad av innovasjon. Vi ønskjer difor medarbeidarar med ulik bakgrunn og erfaring velkommen.
Robert Sandvik
Avdelingsleder Årdal