Utvida varsel om planarbeid, utvida plangrense for detaljregulering ved Dommersnes i Vindafjord kommune. PlanID 1160-202308

I samsvar med § 12-8 i plan- og bygningslova blei det varsla oppstart av arbeid med privat detaljregulering for industri- og hamneområde ved Dommersnes, PlanID 1160-202308 ds. 06.11.2023. Forslagsstillar er Dommersnes AS (Windafjord Port AS) og Norconsult Norge AS er plankonsulent, sjå vedlagt oppstartsmelding.

I samband med varslinga blei det opplyst at planarbeidet utløyser krav om konsekvensutgreiing med planprogram. Saman med varslinga blei forslag til planprogram lagt ut på høyring. Planprogrammet blei vedteke 12.03.2024.
I kapittel 2.2 Føresetnadar for planarbeidet, står det følgande:
Ei realisering av fase 3 og utviklinga av heile det regulerte industriområdet vil kunne krevje omlegging av fylkesvegen i tråd med gjeldande reguleringsplan. Vegtraseen i den noverande planen må vurderast på nytt då regelverket er endra. Kommunen har starta ein prosess opp mot fylkeskommunen (som er vegeigar/vegmynde) om denne planavklaringa kan inkluderast i den same reguleringsplanen, eller om det skal handterast som ein eigen plan. Det er sterkt tilrådd å regulere dette i ein felles reguleringsplanprosess.

Planarbeidet legg opp til eit planframlegg som skal vurdere ei realisering av fase 3, og krav om detaljregulering for omlegging av FV 4736 var tema i dialogmøte med overordna mynde i regionalt planforum. Dersom planframlegget legg opp til industriutvikling som vil krevje omlegging av FV 4736, må omlegging av FV detaljregulerast i same planprosessen.

Opphaveleg varsling av planarbeidet tar høgde for detaljregulering av omlegging av FV 4736. Det er likevel naudsynt å kunne vurdere fleire vegtrasear enn den som ligg i gjeldande reguleringsplan. Varsla plangrense er ikkje vid nok til å vurdere andre traseval.
I samsvar med § 12-8 i plan- og bygningslova, blir det derfor varsla ei noko utvida plangrense for at mogleg traseval for Fv 4736 skal komme innafor varsla plangrense.

  • Anne Sofie Sandvik

    Avdelingsleder Samfunnsutvikling og infrastruktur

  • Kontakt oss

    Vedlegg