Varsel om oppstart av detaljregulering for Lalm vassverk, Vågå kommune

På vegne av Vågå kommune blir det i samsvar med Plan- og bygningsloven §§ 12-3 og 12-8 varsla oppstart av arbeid med reguleringsplan for Lalm vassverk.

Planområdet omfattar heile eller deler av eigedommane Gnr/bnr/fnr 4/7, 155/1, 156/1, 156/1/2, 156/1/3, 156/4, 156/7, 156/28, 156/53 og 156/64, 156/65, 156/69 og 205/1.

Formålet med reguleringsplanen er å leggja til rette for nye grunnvassbrønnar og nytt vassverk på Lalm i Vågå kommune. Omsynssoner for drikkevasskjelda skal inngå i planen.

Ei utbetring av tilkøyringsvegen og sikringstiltak mot naturfarar blir ein del av planarbeidet.

Deadline for input: 2023-08-21
Name of contact at Norconsult: Ann Ginzkey