Forslagsstillar er Volda kommune. Plankonsulent er Norconsult AS. Planområdet delast mellom kommunane Volda og Ørsta med kvar sine plannummer, plankart og føresegner.
Føremålet med planen er å sikre drikkevasskjelde for Volda sentrum. Som tiltak skal demningane rehabiliterast i samsvar med gjeldande forskrifter. Vassnivået eller volumet til sjølve Dinglavatnet skal ikkje aukast.
Planområdet innlemma heile nedslagsfeltet inkludert røyrleidningar til vassverket, jf. noverande situasjon. I tillegg blir det teke med areal for eit potensielt masseuttak i samband med rehabiliteringa av demningane.
Særleg masseuttaket vil medføre tydlege inngrep i landskapet. Planen vil difor fastsetje føresegner som sikrar istandsetting/gjenfylling av sår og inngrep i natur og landskap med stadeigen vegetasjon, slik at inngrepa blir mindre synlege når uttaket av massar er avslutta. Planen vil også gi føresegner for anleggsperioden for å redusere ulempene for turgåarar og friluftsinteresser.
Dersom du har lokale opplysningar eller synspunkt som er viktige å ta omsyn til, kan desse sendast til Volda kommune, postmottak@volda.kommune.no. Det planleggjast et opent orienteringsmøte om planarbeidet 17. august, kl. 1600 på Samfunnshuset i Volda.
Frist for innspel: 1. september 2023
Marco Böhm
Arealplanlegger/ Byplanlegger