Norconsult Sogn og Fjordane søkjer sivilingeniør/ingeniør elektro

  • Fast stilling
  • Søknadsfrist: 01.09.2024

Arbeidssted: Førde , Sogndal og Årdal

Vil du vere med å forme elektroinstallasjonar for framtida?

I Norconsult kan du få vere med på akkurat det. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vi kvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Elektromiljøet i Norconsult jobbar målretta med planlegging av smarte løysningar for bygg, samferdsel og industri.

Norconsult har Norges desidert største fagmiljø innan rådgjeving og prosjektering av elektrotekniske anlegg. Vi ser etter deg som ønskjer å vidareutvikle både deg sjølv fagleg og dele av din kunnskap til vidareutvikling av faget. Her vil du få moglegheiter til fagleg og personleg utvikling. Med over 450 kompetente elektrorådgjevarar på landsbasis, får du i Norconsult tilgang til Norges største fagmiljø innan elektro og automatisering å støtte deg på.

Ønskjeleg kontorstad er fotrinnsvis Sogndal, Førde eller Årdal, men andre lokasjonar i Sogn og Fjordane kan vere aktuelle.

Bli med å jobbe for ein meir berekraftig bygg og eigedomsbransje!
Vi jobbar med både eksisterende og nye bygg med prosjektering og rådgjeving innan elektroteknikk, EKOM og automasjon i bygg, med fokus på berekraftige og energieffektive løysingar. Oppdraga varierer over eit breidt spekter av prosjekt innan t.d. næringsbygg, undervisning, helse og omsorgsbygg, hotell, idrettsanlegg og parkeringsanlegg inkludert ladeanlegg for el-bilar.

Bli med å forme berekraftige samferdselsanlegg for framtida!
Vi designar og prosjekterer alle elektrotekniske installasjonar for alt frå de største samferdselsprosjekta innan veg og gate, jernbane og sporveg, lufthamner og hamner, til infrastrukturprosjekt for privat- og offentleg sektor. Vi jobbar med ulike entrepriseformer, frå utføring- til totalentreprise og samspelentreprisar. Vi har ambisiøse klimamål i dette landet og vi er ein leiande rådgjevar innan elektrifisering.

Bli med å forme norsk berekraftig Industri for framtida
Verdiskapande industri er det vi skal leve av her i landet, og vi er fortida involvert i mange spennande oppgåver og moglegheiter knytt til ny grøn industri i Årdal, Høyanger og ved kysten av Sogn og Fjordane. Vi jobbar i alle fasar av prosjektering og rådgjeving innan alle elektrotekniske anlegg frå høgspent og lågspent forsyning og fordeling, automatisering, instrumentering og kommunikasjon for all type industri. Frå etablert tungindustri til farmasi og næringsmiddel, energigasser, aquakultur, fornybar grønn industri, samt prosess og vassmiljø.

Norconsult Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Flekke, Sogndal, Gaupne, Årdal, Sandane og på Nordfjordeid, med over 80 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, industri/maskin, ingeniørgeologi, miljø, konstruksjon, brann, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.

Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen. Vi har ca 35 medarbeidarar innan elektro i regionen.

Vi søkjer etter dyktig sivilingeniør eller ingeniør med minst 3-5 års relevant erfaring innan elektro- og byggautomasjonsteknikk frå rådgjevar- eller entreprenørbransje. Fagbrev som elektromontør el.l i tillegg er eit pluss.

Vi søkjer deg som er interessert i å vere med å byggje opp eit elektromiljø i vekst, med spennande arbeidsoppgåver på mindre og større prosjekt. Stillinga vil by på store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling i eit sterkt kompetanse miljø.

Vi set pris på om du:

  • Har eigne kunderelasjonar og stort kontaktnett

  • Har erfaring innan oppdragsleiing og evne til å leie team i oppdrag

  • Er effektiv og tek iniativ

  • Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar

  • Ønskjer å vere med på å skape eit godt arbeidsmiljø

  • Har erfaring med 3D-modellering og BIM

Dine arbeidsoppgåver vil vere:

  • Planlegging og prosjektering av elektro-installasjonar innan industri, bygg og anlegg eller samferdsle og infrastruktur anlegg

  • Automatisering og instrumentering i alle typar bygg og anlegg

  • Modellering og varierte arbeidsoppgåver i ulike fasar av prosjekt.

  • Utarbeiding av konkurransegrunnlag og kostnadsoverslag

  • Bruk av DAK/BIM-verktøy, visualiserings- og innsynsmodellar

  • Tverrfagleg koordinering

  • Oppdragsleiing og oppfølging på byggeplass

  • Kundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeid

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning som sivilingeniør (M.Sc.) eller ingeniør (B.Sc.) eller tilsvarande innan elektro

  • Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk

  • Førarkort kl. B.

Hjå oss får du:

  • Varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver innan fag og prosjektleiing der du har moglegheit til å utvikle deg sjølv og kollegaene dine

  • Spennande moglegheiter for kompetanseheving og karriereutvikling innan marknad, fag, linje og oppdrag

  • Moglegheit til å bidra i selskapet si utvikling innan berekraft, digitalisering og samarbeid

  • Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi

  • Interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement/turar, firmahytter, mm.

  • Gode lønns- og arbeidsvilkår

  • Gode aksjeprogram for eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift

  • Fadderordning og kompetanseutviklingsplan

  • Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)

  • Fleksibel arbeidstid

  • Fri heile jule- og påskeveka

  • Sommartid med 7-timarsdag frå starten av juni til midten av august

Innsending av søknad:

Søknad med CV, vitnemål og attestar skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på Norconsult sine internettsider. Innkomne søknader vert handsama fortløpande. Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama. Oppgje i søknaden kva kontorstad du primært ønskjer.

Kontaktpersonar for stillinga:

Norconsult

Norconsult er eit leiande nordisk rådgjevarselskap. Vi kombinerer ingeniørfag med arkitektur og digital kompetanse, på tvers av små og store prosjekt i privat og offentleg sektor, innan infrastruktur, energi og industri, bygg, eigedom og arkitektur. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vikvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Med hovedkontor i Sandvika i Norge og om lag 6 300 medarbeidarar fordelt på over 140 kontor i Norge, Sverige, Danmark, Island, Polen og Finland, kombinerer vi tverrfagleg kompetanse med det å vere lokalt tilstades. (Tall pr. fjerde kvartal 2023).

For Norconsult er det ein grunnleggjande føresetnad at alle menneske er likeverdige. Målet er at medarbeidarane våre skal ha dei same moglegheitene til å nå sitt fulle potensial uavhengig av kven dei er eller korleis dei identifiserer seg. Eit breiare spekter av perspektiv er til hjelp for oss for å forstå alle deler av samfunnet, utfordrar oss i oppdraga våre og fører til høgare grad av innovasjon. Vi ønskjer difor medarbeidarar med ulik bakgrunn og erfaring velkommen.

  • Jan Sølve Haugen

    Gruppeleder

  • Lars Idar Vegsund

    Avdelingsleder Førde

  • Roar Sande

    Gruppeleder

  • Kontakt oss