Reguleringsendring gbnr. 83/11 - Sula

Norconsult Norge AS har utarbeidd forslag til reguleringsendring på vegne av forslagsstillar Senterdrift  Eiendom AS. Reguleringsendring gnr. 83 bnr. 11 sendast no ut på høyring i medhald av plan- og bygningsloven § 12-14.

Reguleringsendringa omfattar eit område ved Kiwi Fiskarstrand, Sula kommune. Forretninga har behov for utviding av  parkeringsarealet ved dagens butikk, samt å legge til rette for ei framtidig utviding av butikkarealet. Eigedomane som blir omfatta av endringa er 82/12, 83/11, 83/17, 83/22 og 83/31.

Planendringa følger forenkla prosess etter plan- og bygningsloven § 12-14. Dette inneber at det ikkje er krav til at planforslaget leggast ut til offentleg ettersyn. Før det blir fatta vedtak skal forslag til endring leggast fram for råka myndeheiter, grunneigarar, festarar, naboar og eventuelt andre aktuelle partar. 

Har du innspel til planforslaget, kan desse sendast skriftleg til plankonsulenten via e-post (grete.valen.blindheim@norconsult.com) eller med vanleg brev til Norconsult AS, Retirovegen 4, 6019 Ålesund. 

Frist for å kome med innspel er 24.01.2025.

  • Grete Valen Blindheim

    Seniorrådgiver

  • Kontakt oss

    Vedlegg