Varsel om oppstart av detaljreguleringsarbeid for industri- og hamneområde ved Dommersnes

I samsvar med § 12-8 i plan- og bygningslova, blir det med dette varsla oppstart av arbeid med privat detaljregulering for industri- og hamneområde ved Dommersnes, plan-ID 1160-202308. Forslagsstillar er Dommersnes AS (Windafjord Port) og Norconsult Norge AS er plankonsulent.

Planområdet ligg i Vikebygd i Vindafjord kommune. Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for eit større nærings- og hamneområde nær, og i sjøen på Dommersnes, med tilhøyrande infrastruktur. Primært er utviklinga knytt til offshorevind og etableringa av havvind i Nordsjøen. Planarbeidet skal avklare og sikre mogleg og ønskeleg industriutvikling i dei tre føreslåtte fasane ved oppdatering av reguleringsplanen basert på konsekvensutgreiing innafor aktuelle tema. I arbeidet vil mogelege byggetrinn for utfylling, omfang av kaianlegg og planering på ulike terrengnivå bli vurdert. Totalt er planområdet på litt over 1000 daa med ønskje om å utvide og utvikle frå 200- 500 daa ferdig industriareal. 

Det er planlagt utviding av eksisterande kai ved utfylling i sjø. Utfyllinga tek utgangspunkt i utviding av område ved Brunnvika, som er avsett til industriføremål i gjeldande reguleringsplan for området. Hamneanlegg skal byggast på fylling vest og nordvest, mot nordre Brunnavika.  
Planområdet omfattar også område som i gjeldande reguleringsplan er regulert til hytter. Dette for å kunna identifisera verknader planen vil ha for fritidsbustadene, og legga inn eventuelle naudsynte avbøtande tiltak. I tillegg er deler av eksisterande vegareal for fylkesveg 4736 (Vikevegen) tatt med, for å sjå på moglegheita for å legge om vegtraseen mot aust. 

Planprogram 

Planarbeidet er vurdert til å utløysa krav om konsekvensutgreiing med planprogram eller melding, jf. forskrift om konsekvensutgreiing (§§ 4-2 (2) og § 8 a, samt nr. 8 b) og nr. 19 i vedlegg I, og nr.  10 e) og k) og 11 k) i vedlegg II).  

Grunngjeving for krav om konsekvensutgreiing er knytt til området sin verdi for naturmangfald, jf.§ 10, 3 b) i forskrifta. Ved oppdatering av gjeldande reguleringsplan for området, skal konsekvensutgreiing innanfor aktuelle tema, avklare kva industriutvikling som er mogleg og ønska ved Dommersnes. 

Tema som skal greiast ut er: naturmangfald i sjø og på land, verknader for lokalsamfunnet, friluftsliv, landskap, klimagassutslepp, vassmiljø og forureining i grunn/sjø, støy, mineralressursar, naturressursar, hamneanlegg. 

Medverknad 

Forslagsstillar ønsker tidleg dialog med naboar, grunneigarar og andre interesserte. Det er difor utarbeidd ei nettbasert spørjeundersøking som me oppfordrar til å svare på.  

Lenka til spørjeundersøkinga finn du her:  Spørjeundersøking - Dommersnes om du treng hjelp til utfylling av undersøkinga, kan du få bistand til dette på kontordagane.

Grendeutval vil bli invitert til dialogmøte, og  alle interesserte vil få tilbod om å møte konsulent/forslagsstillar på kontordag i Vikebygd grendehus den 14.11.2023 kl. 10- 16, eller på rådhuset i Ølen den 21.11.2023 kl. 10-16. Ta kontakt med Anne Sofie Sandvik på e-post for å avtale tid, eller berre møte opp på oppsett kontordag.  

Frist for å komma med merknad til planarbeidet er satt til 18.12.2023. 

For meir utfyllande informasjon, sjå https://www.vindafjord.kommune.no/byggesak-og-teknisk/plan-eigedom-og-kart/planar-og-hoyringar/kunngjering-av-planar-og-hoyringar/ eller www.norconsult.no/aktuelt/kunngjoringer

Innspel til planarbeidet kan sendast skriftleg til Norconsult Norge AS på følgande måtar: 

Spørsmål kan rettast til Anne Sofie Sandvik på tlf. 936 46 043, eller på e-post: anne.sofie.sandvik@norconsult.com 

Vedlegg

  • Anne Sofie Sandvik

    Avdelingsleder Samfunnsutvikling og infrastruktur

  • Kontakt oss