Norconsult Sogn og Fjordane søkjer erfaren ingeniørgeolog!

  • Fast stilling
  • Søknadsfrist: 28.08.2023

Arbeidssted: Flekke , Førde , Gaupne , Nordfjordeid , Sandane , Sogndal og Årdal

Ingeniørgeologimiljøet i Norconsult omfattar kring 35 sivilingeniørar, dei fleste lokalisert ved hovudkontoret i Sandvika og i Trondheim. Vi vil styrke geomiljøet lokalt og på  Vestlandet og søkjer deg som vil vere med på vidare oppbygging av ei brei geofagleg gruppe i regionen. Geo-gruppa i Region Vest tel i dag 13 medarbeidarar og omfattar ingeniørgeologar, geoteknikarar og miljøgeologar.

Norconsult Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Sogndal, Gaupne, Årdal, Sandane og på Nordfjordeid med over 70 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, ingeniørgeologi, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.

Hos oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen.

Vi søkjer etter motivert og dyktig sivilingeniør innan ingeniørgeologi,  gjerne med erfaring frå rådgjevarbransjen, og med så mykje erfaring at du kan utføre oppgåver som nemnt nedanfor på ein sjølvstendig og god måte.

Er du vår nye medarbeidar?

Dine arbeidsoppgåver vil vere:

  • Prosjekt- og oppdragsleiing samt fagansvar i tverrfaglege oppdrag i alle prosjektfasar

  • Ingeniørgeologisk prosjektering, som til dømes sikring av tunnelar/bergrom og  ras/skredsikring i tilknyting til planarbeid og anleggsdrift for offentlege og private aktørar.  

  • Skredfarevurderingar og risikoanalysar for arealplanarbeid og byggeprosjekt

  • Utarbeiding av spesifikasjonar og konkurransegrunnlag

  • Synfaringar og oppfølging på byggjeplass

  • Samarbeid og kontakt med interne og eksterne aktørar

  • Kundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeid

For oss er det viktig at du:

  • Har eit fagleg engasjement og god fagleg forankring

  • Er kreativ, løysingsorientert med analytiske evner

  • Tek initiativ, er målretta og resultatorientert

  • Er fleksibel og ansvarsbevisst

  • Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar

  • Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk

  • Er innstilt på å ha heile Vestlandet som din arbeidsarena

  • Erfaring og ferdigheiter i bruk av relevante dataverktøy

Hos oss får du:

  • Spennande kompetansehevings- og karrieremogelegheiter innan marknad, fag, linje og oppdrag

  • Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar

  • Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi

  • Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)

  • Ordning for deling av overskotet der alle tilsette får direkte utbytte av resultatet i selskapet

  • Gode løns- og arbeidsvilkår

  • Fleksibel arbeidstid

  • Studieturar, interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv

Innsending av søknad: Søknad med CV, vitnemål og attestar skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på Norconsult sine internettsider. Innkomne søknader vert handsama fortløpande. Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama. Oppgje i søknaden kva kontorstad du primært ønskjer.

Kontaktpersonar for stillinga er avdelingsleiar Arne Moen, arne.moen@norconsult.com, tlf 91699482 eller avdelingsleiar Lars-Idar Vegsund, lars.vegsund@norconsult.com, tlf. 45404686.

I Norconsult utviklar vi samfunnet for morgondagen ved å kombinere ingeniørfag, arkitektur og digital kompetanse. Vi har ei heilskapeleg tilnærming med utgangspunkt i at vi er lokalt tilstades og tverrfagleg kompetanse og samarbeid. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vi kvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Vi er eit medarbeidar-eigd rådgjevarselskap, og våre 5 900 medarbeidarar er fordelt på rundt 130 kontor, hovudsakleg i Norden. Kvart år løyser vi tusenvis av små og store oppdrag for private og offentlege kundar, innan blant anna bygg og eigedom, samferdsel, arkitektur, fornybar energi, vatn og avløp, industri, sikkerheit, miljø og IT.

  • Arne Moen

    Avdelingsleder Kontor

  • Lars Idar Vegsund

    Avdelingsleder Førde

  • Kontakt oss