Norconsult Sogn og Fjordane søkjer brannrådgjevar

  • Fast stilling
  • Søknadsfrist: 28.08.2023

Arbeidssted: Flekke , Førde , Gaupne , Nordfjordeid , Sandane , Sogndal og Årdal

Vi styrkar vår satsing innan brannteknisk prosjektering og søker kunnskapsrik og engasjert brannteknisk rådgjevar til vårt kontor i Førde. Andre kontor i Sogn og Fjordane kan også vere aktuelle. Vi søker både erfarne og nyutdanna.

Norconsult i Sogn og Fjordane har ca 75 tilsette, og utfører tenester innan dei fleste fagområde når det gjelder samfunnsplanlegging og prosjektering.

I vårt selskap er vi ca. 70 brannrådgjevarar som arbeider saman på prosjekt på tvers av kontor/geografi og som møtest på årlege fagsamlingar.

Nysgjerrig på korleis det er å jobbe i Norconsult? Få med deg serien «Rådgiverne» der vi gir deg et unikt innblikk i vår arbeidskvardag her: https://www.norconsult.no/radgiverne/

Dine arbeidsoppgåver vil vere:

  • Brannteknisk prosjektering og rådgjeving.

  • Utarbeiding av brannkonsept og brannteikningar.

  • Utarbeiding av fråviksdokumentasjon.

  • Simulering og analysar innan brann og redning.

  • Utarbeiding av brann- og sikkerhetsrelaterte risikoanalysar.

  • Synfaring med tilstandsregistrering og utarbeiding av tiltaksplanar.

  • Kontroll av brannteknisk prosjektering, utførelse og byggeplassoppfølging.

For oss er det viktig at du:

  • Har relevant utdanning på bachelor- eller masternivå.

  • Har god kjennskap til relevante forskrifter, rettleiingar og standardar.

  • Er fagleg nysgjerrig og er oppteken av god kvalitet.

  • Er kreativ og løysingsfokusert.

  • Bidreg til eit godt sosialt og fagleg miljø, og har gode evner til samarbeid og relasjonsbygging.

  • Har gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.

  • Har erfaring frå bruk med AutoCad eller Revit.

  • Er initiativrik, sjølvstendig og utadvendt.

  • Har godt humør og pågangsmot.

Hjå oss får du:

  • Sterk bedriftskultur prega av høg trivselsfaktor og uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi

  • Fleksibel arbeidstid

  • Sommartid der arbeidstida er 7 timer per dag i 11 veker om sommaren

  • Fri mellom jul og nyttår, samt mellom palmesøndag og skjærtorsdag

  • Bonusordning der ein del av selskapet sitt overskot vert delt blant alle tilsette

  • Gode forsikringsordningar

  • Konkurransedyktig løns- og tilsetjingsvilkår

  • Studieturar, interne samlingar, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter m.v.

Innsending av søknad: Søknad med CV, vitnemål og attestar skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på Norconsult sine internettsider. Innkomne søknader vert handsama fortløpande. Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama. Oppgje i søknaden kva kontorstad du primært ønskjer.

Kontaktpersonar for stillinga: Avdelingsleiar Førde Lars-Idar Vegsund, lars.vegsund@norconsult.com, tlf. 45404686, eller gruppeleiar brannteknikk Tommy Lundervold, tommy.lundervold@norconsult.com, tlf 92296351

I Norconsult utviklar vi samfunnet for morgondagen ved å kombinere ingeniørfag, arkitektur og digital kompetanse. Vi har ei heilskapeleg tilnærming med utgangspunkt i at vi er lokalt tilstades og tverrfagleg kompetanse og samarbeid. Gjennom nyskaping og innovasjon, og med føremålet «Kvar dag gjer vi kvardagen betre», søker vi stadig etter meir berekraftige, effektive og samfunnsnyttige løysingar. Vi er eit medarbeidar-eigd rådgjevarselskap, og våre 5 900 medarbeidarar er fordelt på rundt 130 kontor, hovudsakleg i Norden. Kvart år løyser vi tusenvis av små og store oppdrag for private og offentlege kundar, innan blant anna bygg og eigedom, samferdsel, arkitektur, fornybar energi, vatn og avløp, industri, sikkerheit, miljø og IT.

  • Lars Idar Vegsund

    Avdelingsleder Førde

  • Tommy Lundervold

    Gruppeleder

  • Kontakt oss